tirsdag 22. januar 2008

To forgive

Det var enklare enn eg trudde.

Eg trudde at eg trong lange samtalar og absolutte svar, trong å forstå, trong ei form for hemn eller i alle fall rettferd.

Eg trudde det var naudsynt å vere sint, gjerne lenge, å kaste lange blikk på deg utan å nokon sinne smile eller seie eit ord.

Men i går skein sola, kroppen din var varm og trist mot strikkagensaren min og plutseleg forstod eg at ingen av dei barnslege idéane ovanfor var naudsynte. Alt eg trong gjere, var å tilgje.

Det gjekk fort når eg endeleg forstod, og det var enkelt. Sjølvsagt var det enkelt. Eg er jo så glad i deg, fuglegutt.

(Skorne dine skriv framleis dei finaste asfaltorda)

Ingen kommentarer: