torsdag 31. januar 2008

Eg og Sivert

Eg gjekk åleine heim frå Hulen, det var kaldt inni regnjakka og slapset seig bestemt inn i joggeskorne. Det var ingen lydar anna enn ordkverna i hjernen min som spann lange setningar. Eg tenkte på alt eg skulle skrive. Det er framleis så mykje eg skulle ha sagt. Men, som dei siste dagane har lært meg, meir tydeleg ein nokon gong: Det er ikkje lurt å seie for mykje. I alle fall ikkje alt. Når eg spyr orda ut or systemet utan sensur vert det til sist ikkje anna att enn smaken av magesyre og flause. Eg har eit altfor stort behov for å male kjenslene mine store og pompøse på veggjene, og eg må skjerpe meg. Så langt i dette Herrens år 2008 har eg ikkje vore anna enn ein dum, dramatisk kjærleiksdinosaur. Difor har eg bestemt meg for å late Sivert Høyem seie ord for natta med Madrugada sin "Norwegian Hammerworks Corp.". Han er flinkare å formulere seg enn eg er (i alle fall etter ein halv liter Famous). Så ver så god, Sivert.

(Og unnskyld til alle som har blitt overfalt av mine valdelege mengder av nattord i løpet av 20 år)


Let me tell you about the way the hammer moves
The hammer goes up and down
And hits the nail, on the head each time
That's the point
All right in 1998
It's getting hard to go to sleep at night
And hard to get up in the morning
I tell myself, I'm going too hard, too rash, too long, too long
But this is not the truth
There's no sign of no big break down
It's just these little things that keep putting me of the track
Yeah, I have a notion of moving around in circles
Things just keep getting worse and worse
'Til they get all the way around
And then eveything turns out alright
In one single flash I see both shows
Computer, cigarettes, photograph, pens and pencils
Pop-craving critics curving
A doctor tried to cure me of these shells
I stopped seeing him
I heard nothing more about being mentally ill
In one single flash comes words, no poetry
Did you put on weight
I take two, not one
A man with one arm
Best beer ever to come out of Belgium
If you kept drinking like this it wouldn't have to be
It's not like I'm real hateful with our friends, our beloved friends
VCR, last goodbyes, this is not the time for all I love you's
This nail is bent and broken, straighten it out with the hands of love
This is where the hammer hits, this is its golden tongue
There speaks no more, this is the same that were never moved
This is the tsar at will, this is where the hammer hit, this is when the turnpike
This nail is bent and broken, straighten it out with the hands of love
With the hands of love, with the hands of love
With the hands of love yeah, with the hands of love yeah
With the hands of love yeah, with the hands of love
With the hands of love, with the hands of love yeah

tirsdag 22. januar 2008

To forgive

Det var enklare enn eg trudde.

Eg trudde at eg trong lange samtalar og absolutte svar, trong å forstå, trong ei form for hemn eller i alle fall rettferd.

Eg trudde det var naudsynt å vere sint, gjerne lenge, å kaste lange blikk på deg utan å nokon sinne smile eller seie eit ord.

Men i går skein sola, kroppen din var varm og trist mot strikkagensaren min og plutseleg forstod eg at ingen av dei barnslege idéane ovanfor var naudsynte. Alt eg trong gjere, var å tilgje.

Det gjekk fort når eg endeleg forstod, og det var enkelt. Sjølvsagt var det enkelt. Eg er jo så glad i deg, fuglegutt.

(Skorne dine skriv framleis dei finaste asfaltorda)

torsdag 17. januar 2008

Will Sheff

Eg har eitt nytt og krystallklårt framtidsmål: Å aldri leggje frå meg pennen eller trekkje mitt siste andedrag før eg skriv like svimlande briljante tekstar som han.

Det går an å fylle absolutt alle holrom i hjartet med Okkervil River. Supermusikklim. Takk.

onsdag 16. januar 2008

Orchestra of wolves

Eg tenkjer for mykje.

Tenking er sjølvsagt ei anbefalt aktivitet, og eg er glad for at eg er i stand til å gjennomføre henne, men av og til vert det for mykje. Når ikkje ein gong øl, Eminem-vorspiel og heimekoseleg country på Hulen klarar å stoppe tankestraumen, vert det for mykje.

Eg forstår ikkje menneske.
Eg forstår ikkje forholda mellom dei.

Korleis går det an å vere så nære nokon at huda smeltar eine dagen, for så å spasere nonchalant forbi kvarandre utan å helse neste dag ?

Eg veit at det er heilt normalt og at det er slik opplegget fungerer, men av og til treff spørsmåla meg som eit lokomotiv i magen.

Eg skulle ynskje vi ikkje var så redde for kvarandre, at vi ikkje sneik oss ikring i natta som sky kattar og gøymde oss bakom betongandlet på dagtid. Eg skulle ynskje ord faktisk betydde noko, og at det ikkje var så fysisk tungt å smile.

tirsdag 15. januar 2008

It stops at my skin


Eg veit ikkje korleis eg skal få dette innlegget til å henge saman. Det er for mykje som har hendt sidan sist, for mange ting eg skulle ha sagt, spørsmål eg skulle ha stilt. Og så er det ikkje alt ein kan skrive i ein blogg, heller. Men eg gjer eit ærleg forsøk.

Det nye året oppfører seg ganske likt det gamle, men eg har laga ei fin liste med nyttårsynskje (merk: ynskje, ikkje forsett) som eg er sikker på vil heve levestandarden fleire hakk. Eg skal bli flinkare å spele munnspel, spasere meir, leike meir, lese meir Fantomet, sjå fleire filmar, synge sjølv om eg ikkje kan, gå oftare i bruktbutikkar og på loppemarknader, gjere farlege ting (dette punktet er foreløbig uspesifisert), puste meir uteluft, traske gatelangs midt på natta, handle fleire fine, gamle kjolar på Fretex og - sist, men ikkje minst - gje meir faen i ting eg bør gje faen i.
Med desse fine ynskja i bakhovudet set eg stadig nye kryss på to-do-lista for 2008 (men ser allereie at eg manglar fleire kryss i rutene for "møte opp på forelesning"). Eg har teke ny tatovering, vore på Fretex-shopping, reparert panneluggen min og fylt tankane. Eg les Harry Potter, går med raud strømpebukse og har lange middagsselskap med Anna og Anna.

Det glitrar i fotefara mine. Svaret er ja, eg har det fint.
Men det varar diverre berre til eg vert åleine. Då kjem tankane straumande i tusental.

Eg veit ikkje kva som er feil. Kanskje det er turbulensen ved å gå frå feriemodus til studiemodus, ein ubehageleg prosess der alt plutseleg vert snudd på hovudet. Kroppen min er godt van med øl og dagsoving, så eg går på jam på Vamoose og søv gjennom to forelesningar på rad dagen derpå. Resten av dagen forsvinn i ei slags ørske kor eg famlar etter noko viktig å gjere for å nedkjempe kjensla av å vere ein fortapt student og eit fortapt menneske.

Eg treng struktur, eg treng svar, eg treng rette linjer å balansere på.

Eg prøver å krite opp desse linjene sjølv, men det regnar for mykje, kritet renn unna og i mareritta mine hoppar du som eit barn i ein kvit innsjø saman med ei mørkhåra jente.


Banda mellom menneska i livet mitt snor seg sleipe og uforståelege kring kvarandre, lagar knutar, stoppar lufttilførselen. Det er vanskeleg å sove om natta, eg vert liggjande vaken og høyre på Okkervil River og kverne på spørsmål det ikkje verkar som om eg nokon sinne vil få svar på. Korleis går det an å sjonglere med menneske som om dei var fargerike gummiballar ? Korleis går det an å resirkulere ord som er så fine at dei berre burde brukast ein gong ? Korleis går det an å la vennene sine stå i kø som rådville sauer utan å gje lyd frå seg ?

Eg får gnagsår på hjernebarken, prøver å bli sint men forsvinn i staden i eit flimmer av bilete eg burde ha gløymd for lenge sidan. Det styggvakre andletet ditt nektar å gje slepp og det klør i heile kroppen.



But if I could tear his throat,

and spill his blood between my jaws,

and erase his name for good,

don’t you know that I would?

Don't you realize I wouldn’t pause,

that I would cut him down with my claws

if I could have somehow never let that happen?