Eg veit ikkje korleis eg skal få dette innlegget til å henge saman. Det er for mykje som har hendt sidan sist, for mange ting eg skulle ha sagt, spørsmål eg skulle ha stilt. Og så er det ikkje alt ein kan skrive i ein blogg, heller. Men eg gjer eit ærleg forsøk.
Det nye året oppfører seg ganske likt det gamle, men eg har laga ei fin liste med nyttårsynskje (merk: ynskje, ikkje forsett) som eg er sikker på vil heve levestandarden fleire hakk. Eg skal bli flinkare å spele munnspel, spasere meir, leike meir, lese meir Fantomet, sjå fleire filmar, synge sjølv om eg ikkje kan, gå oftare i bruktbutikkar og på loppemarknader, gjere farlege ting (dette punktet er foreløbig uspesifisert), puste meir uteluft, traske gatelangs midt på natta, handle fleire fine, gamle kjolar på Fretex og - sist, men ikkje minst - gje meir faen i ting eg bør gje faen i.
Med desse fine ynskja i bakhovudet set eg stadig nye kryss på to-do-lista for 2008 (men ser allereie at eg manglar fleire kryss i rutene for "møte opp på forelesning"). Eg har teke ny tatovering, vore på Fretex-shopping, reparert panneluggen min og fylt tankane. Eg les Harry Potter, går med raud strømpebukse og har lange middagsselskap med Anna og Anna.
Det glitrar i fotefara mine. Svaret er ja, eg har det fint.
Men det varar diverre berre til eg vert åleine. Då kjem tankane straumande i tusental.
Eg veit ikkje kva som er feil. Kanskje det er turbulensen ved å gå frå feriemodus til studiemodus, ein ubehageleg prosess der alt plutseleg vert snudd på hovudet. Kroppen min er godt van med øl og dagsoving, så eg går på jam på Vamoose og søv gjennom to forelesningar på rad dagen derpå. Resten av dagen forsvinn i ei slags ørske kor eg famlar etter noko viktig å gjere for å nedkjempe kjensla av å vere ein fortapt student og eit fortapt menneske.
Eg treng struktur, eg treng svar, eg treng rette linjer å balansere på.
Eg prøver å krite opp desse linjene sjølv, men det regnar for mykje, kritet renn unna og i mareritta mine hoppar du som eit barn i ein kvit innsjø saman med ei mørkhåra jente.
Banda mellom menneska i livet mitt snor seg sleipe og uforståelege kring kvarandre, lagar knutar, stoppar lufttilførselen. Det er vanskeleg å sove om natta, eg vert liggjande vaken og høyre på Okkervil River og kverne på spørsmål det ikkje verkar som om eg nokon sinne vil få svar på. Korleis går det an å sjonglere med menneske som om dei var fargerike gummiballar ? Korleis går det an å resirkulere ord som er så fine at dei berre burde brukast ein gong ? Korleis går det an å la vennene sine stå i kø som rådville sauer utan å gje lyd frå seg ?
Eg får gnagsår på hjernebarken, prøver å bli sint men forsvinn i staden i eit flimmer av bilete eg burde ha gløymd for lenge sidan. Det styggvakre andletet ditt nektar å gje slepp og det klør i heile kroppen.
But if I could tear his throat,
and spill his blood between my jaws,
and erase his name for good,
don’t you know that I would?
Don't you realize I wouldn’t pause,
that I would cut him down with my claws
if I could have somehow never let that happen?
1 kommentar:
eg blir sjelden så deprimert dagen etter ein jam på vamoose
Legg inn en kommentar