mandag 26. november 2007

One down

Eg er ferdig med eksamen i Eng101. Vekesvis med murstein i magen løyser seg opp i vinterkald Bergensluft, eg tenner den einaste røyken eg har, tek større skritt enn vanleg.

Og så går eg plutseleg rett inn i fortida mi.

Den store, grøne kroppen eg budde inni i fire lange månader. Usamanhengande scener renn forbi i hukommelsen, smakar tvang og fridom.
Hakekorsa i telefonboda og Jelena som skrik om natta, blanda med leireleik på eit slitt hobbyrom og Raymond som speler "In My Place" med Coldplay så eg gløymer kor redd eg er. Eit kvitt andlet i spegelen som ikkje lignar på nokon eg kjenner. Eg held meg fast i knoklane mine for å ikkje flyte av stad med saltvatnet. På tysdag held ei stor gruppe vaksne menneske møte og diskuterer meg. Dei har ei mappe. Dei har rapportar. Dei diskuterer. Meg.

Eg ser utsikta frå Haukelandstoppen med femten år gamle auge og er både glad og trist ved tanken på at eg hadde hata meg sjølv anno 2007 den gong då.

Så går eg ut att. Ut av den fjerne fortida, den det kjennest som om eg har lese om i ei bok, og inn att i meg sjølv, inn att i ein røykfull, øltung kropp som kan gå på eiga hand.

Eg går frå Landås og heim att, lukkeleg fordi grammatikk- og fonetikkreglar renn ut av hovudet mitt og vert erstatta av blodsmak i Okkervil River sin "For Real", lukkeleg fordi frosten knasar under føtene mine og ingen veit kvar eg er, utanom asfalten som eg tygg unna i roleg tempo. Endene sym på gull i Store Lungårdsvann, og eg føler at eg burde setje meg ned på ein benk og berre ta det inn, men eg har ikkje tid, for eg må heim og ete havregryn.


And if you want it to be real, come over for a night, we can really, really climb, and those blue bridge lights might really burn most bright while we watch that dark lake rise.


(Sist eg gjekk langs dette vatnet, gjekk nokon ved sidan av meg og heldt meg i handa
Denne gongen er hendene mine frosne og stripete
Men eg klarar meg
Eg klarar meg heilt, heilt fint)

torsdag 22. november 2007

"Lesepause"

Fire dagar att til eksamen i Eng101.

Eg kan skilte med to lilla knær, haltande gange og hårspraysmak i munnen etter rockstarparty på Hulen på tysdag; elles lite. Hurra.

søndag 18. november 2007

Parantesar

The look on your face
yanks my neck on the chain
And I would do anything
to see you again



(Eg treng ikkje dette akkurat no.
Svarte linjer i varm hud mot kvitt laken.
Eg vil ikkje hugse det.
Eg trur eg veit korleis du er, eg trur eg veit
kva du tenkjer om meg og mitt.
Det er akkurat som om du sjølv skulle
stått her, i kjøtt og blod,
og ledd av meg.
Meg og den dumme fulle kroppen min.)

lørdag 17. november 2007

I'm never gonna know you now / But I'm gonna love you anyhow

Eg veit ikkje heilt kva eg tenkte, kva eg trudde skulle skje.

Men det er for så vidt ikkje noko nytt, så eg prøvde likevel.

Tok på meg raud kjole, sette på The Bronx og baka bollar heilt frå grunnen av. Eg brukte til og med fersk gjær.

Det hende aldri noko fint etterpå. Kva dette fine skulle vere, veit verken eg eller du. Men sommarfuglane flaksar rart i magesekken og eg bestemmer meg for at nei, denne gongen skal eg ikkje blåse ting ut av proporsjon.

Gå fyrst, du. Så kjem eg etterpå.

(Kva er det eigentleg eg vil med dette ?
Nachspiel-bråket i Bergen by er altfor høgt til å kunne sove, sjølv om klokka er fem og eg er dødssliten etter å ha jobba på Indiegranskauen på Hulen.
Når eg står åleine i backstagegongen og røykjer, tenkjer eg faktisk ingenting. Eg berre registrerer mine eigne rørsler, ser beina trakke i ring og røyken stige ut i natta.
Av og til lurer på om eg er død.
Eigentleg.)

søndag 11. november 2007

Storm, static, sleep

Det er nok heilt normalt å ha noia etter å ha lagt all seriøs livsstil til sides og vore på fylla i fire dagar til endes, men hjelp. Eg skjelv heilt inn i beinmargen. Det er søndag og fredeleg, Einar er framleis på besøk og bidreg med hyggeleg lesande selskap, likevel føler eg meg fullstendig pulverisert. Akkurat no er eg ikkje den personen eg har lyst å vere på nokon felt i livet. Kontrollen glipp leande mellom fingrane mine og eg står att med ingenting, sjølv om eg burde vere fylt av kjærleik etter festligheter, gledelege gjensyn og elevstevne. Noko er veldig feil.

lørdag 3. november 2007

Slutt

Den riktige avgjerda gjer vondt, det modige eg har gjort skremmer meg, senga mi er altfor stor. Eg drøymer om varm hud, våte auge, barnleg latter, fingerfletting og livet slik det var for eit lite døgn sidan.