søndag 30. september 2007

Kvite dagar

Eg har hatt mi fyrste edru helg sidan eg kom til Bergen. Eg er stolt over meg sjølv og flau på same tid. Sofatid med gullrekka og billig sjokolade i staden for tankelause hestedansar på Hulen. Hah.

I dag var vi på den mest joviale utflukta på lenge: Anders, Nora, Helga og eg var på roadtrip til Osterøy og besøkte Sølvi (ho har den største, mest strøkne ungkarskvinneleiligheta nokon sinne). Sjølv om møtet vart mest latter og skrik og tull og babbel, slik som det ofte blir når ein kastar seg i armane på kvarandre for fyrste gong på lenge og ikkje heilt veit kva ein skal seie og gjere, var det verkeleg nydeleg å sjå henne igjen. Sølvi er så god. Kvar minste del av henne er god.

Plutselege hjartekramper mellom vaflene då vi såg på Hylkje Melodi Grand Prix. Det er rart at så grusomt falske og skingrande tonar som Barockebandæh sine kan få det til å gjere så vakkert vondt i hjartet. Vi var så innmari folkehøgskulekule. Studentlivet byr ikkje på openberre høve til å kline raud leppestift rundt auga og skrike til lungene nesten sprekk.

Det hadde eg hatt behov for både no og då.

Eg saknar. Eg saknar alle dei som ikkje er innan rekkjevidde i Bergen. Alle dei eg kjende og alle dei eg ikkje kjende, men likte å sjå på og smile av. Eg saknar mange ekstra mykje fordi eg aldri torde å bli kjend med dei.

Det eg saknar aller mest er det vi v a r det året. Uansett kor mykje tid vi tilbringer saman og kor mange festligheter framtida byr på, vil vi aldri bli den gjengen vi var på Åsane FHS 06/07. Noko forsvinn idet ein skrir ut av bobla og inn i den vanlege verda med alle sine plikter og alt sitt kaos. Det blir aldri berre o s s igjen. Barockebændeh studerer, jobbar eller reiser på loffen i Asia i staden for å sitje på røyketrappa og skrattle eller ha toast-fest i stovekaoset på internat 2. Varmt og kaldt, godt og vondt, veldig rart.

Hylkje var ein spøkelsesby då vi kom på besøk i dag. Alle var på haustferie. Det kriblar i kroppen når eg går ikring der no. Det er nesten så eg kan sjå skuggane og høyre ekkoa av oss enno. Og berre så de veit det: Hylkje kjem alltid til å vere vår stad. Hylkje er vårt med operalatter, pungdyrlydar, superheltstunt, rustent gitarspel, kroppsvarme, ivrige pennar mot papir, røykskyer og samtaler som forsvinn ut i natta, soveromsvorspiel, nachspielstjerner, hestedans og kjærleik. Vi har trakka denne kjærleiken ned i grusen, drøymd han inn i madrassene, ledd han inn i veggene, brent han ned i bakken på beachen, skrike han inn i fjella. For alltid. No.

Takk.

lørdag 29. september 2007

Kronerulling

Eg og Anders søv lenge, røykjer i senga og tel pengar. Vi kjøper frukost og sjokolade for sjørøverskattpengane eg fekk av Ingrid i sommar. Eit stort glas fylt av kronestykke kjem plutseleg veldig godt med, og eg føler meg verkeleg som student.

Eg prøver å ta kronerullinga med stil, å tenkje at det kjem til å ordne seg og at desse lutfattige periodane høyrer med i det rufsete, men sjarmerande biletet eg alltid har hatt av studentlivet, men eg har litt angst likevel. Angst for husleigedatoen på måndag og min totale, svoltne mangel på økonomisk kontroll. Men eg seier det ikkje til nokon. Det er flaut å vere den einaste i huset som ikkje har råd til øl og avocado og kjøttdeig og husleige. Flaut å vere økonomisk

dum.

Festhatten støvar ned i skåpet og persarane ramlar på havet i 300. "Hell of a good start".

Noko sit fast i halsen.

onsdag 26. september 2007

Mjukare kantar

Eg forsøv meg til alt dayplanneren seier eg skulle ha møtt opp på i dag.
Seier mange stygge ord.
Kjøper røyk og smultringar.
Går heim til dikttolkingsoppgåva mi, den fyrste eigenproduserte akademiske teksten mitt liv har sett så langt.

... and marching single in an endless file.

Drøvtygg ord.
Klamrar meg fast i arbeidsmoralen,
han er sleip og motviljug.
Har kaffi-, kjeks- og røykepausar åleine i vindauget.
Høyrer på Sufjan Stevens og kjenner små stikk av kjensler
gjennom den akademiske bedøvinga.
Er tung og døv og blind og framleis trøytt.


Men så finn eg gamle mailar frå mamma, og dagen vert plutseleg mjukare i kantane :

Og går det an å svare deg på denne adressen tro? Hvor havner svaret da? Engelsken er kommet fram. Vi har hatt vegetargryte i dag - sterk!- og det er masse igjen som du må ta med til Sandane på Søndag... I morgen serveres hjortekaker med tyttebær og rosenkål. Hjemmet tar imot med vanlig service.. Jeg har ellers kjøpt en lekker drakt i dag som passer for en dame på min alder.
Klem fra din nesten alltid like kjærlige mor


Et fruktdessert med sjokoladepulver sjølv om Helga skrik "ÆSJ".
Ser fram til å stå i baren under Minor Majority-konsert på Hulen i kveld
og å ha rare draumar om Ralph Waldo Emerson i natt.