onsdag 16. januar 2008

Orchestra of wolves

Eg tenkjer for mykje.

Tenking er sjølvsagt ei anbefalt aktivitet, og eg er glad for at eg er i stand til å gjennomføre henne, men av og til vert det for mykje. Når ikkje ein gong øl, Eminem-vorspiel og heimekoseleg country på Hulen klarar å stoppe tankestraumen, vert det for mykje.

Eg forstår ikkje menneske.
Eg forstår ikkje forholda mellom dei.

Korleis går det an å vere så nære nokon at huda smeltar eine dagen, for så å spasere nonchalant forbi kvarandre utan å helse neste dag ?

Eg veit at det er heilt normalt og at det er slik opplegget fungerer, men av og til treff spørsmåla meg som eit lokomotiv i magen.

Eg skulle ynskje vi ikkje var så redde for kvarandre, at vi ikkje sneik oss ikring i natta som sky kattar og gøymde oss bakom betongandlet på dagtid. Eg skulle ynskje ord faktisk betydde noko, og at det ikkje var så fysisk tungt å smile.

Ingen kommentarer: