onsdag 24. oktober 2007

eg held pusten ein tysdags kveld

etter musikken så stilt at
tårene renn og det er plass
til eit trehus
men hendene mine kan ikkje
byggje
dei har rive og slite i fjellrøttene
frå barndommen i årevis
utan heilt å lukkast
du sparkar i småstein og eg
ligg tung oppå deg
kviskrar at du må byggje
trehuset
men du fnyser og forstår ikkje
om nokre år seier du
står eg også på torget
og kostar 40 kroner
eg røskar i ribbeina dine og seier
fy
men veit at du kan viss du
ikkje vil (fasitsvar)
og du vil i alle fall ikkje
byggje noko trehus
du legg latter inn i mørkret
"raring" skriv du i dyna etterpå
smakar du treverk
eg kysser trekrone trekrone trekrone
og ser det eg vil sjå

torsdag 18. oktober 2007

Sjonglering

Eg har :


Ein frivilleg jobb (Hulen)
Ein lønna jobb (Esso på Danmarksplass)
Eit forsømt årsstudium i engelsk
To eksamenar om kort tid
Ein kjærast (og fleire venner) som treng omsorg
Ein kropp som treng trening og søvn
Eit sinn som treng føde/festligheter av ymse slag


Det viser seg at ein skal vere litt av ei superheltinne for å klare å sjonglere alle desse pliktene/lystene, og at eg likevel aldri er nøgd med meg sjølv dersom eg ikkje klarer det.


... Men kven bryr seg eigentleg, når sola plutseleg skjer augeepla opne og eg vert nøydd til å setje meg ned ved Lille Lungårsvann av berre sjokk og glede ? Architetcture in Helsinki i øyra, glitrande vassoverflate framfor augo, rosakledde smågrisar som matar duene til stor glede for sine stolte foreldre, ferdings og fred.

Ingenting er så koseleg som duer når dei blæs seg opp til lodne ballar og gøymer hovudet i si eiga fjøyrprakt. Kvardagsbekymringane mine er store og stygge, men let seg likevel lette av noko så lite og komisk som ei vaggande Bergensdue. Det er godt å oppleve.


Andre ting som er gode å oppleve er å bli påspandert Chai-te på Kafé Spesial av finaste Helga. Å le så koppane klirrar saman med henne og Nora. Å lage sjokoladekake saman med Inger, for så å ete heile med mjølk til. Å plutseleg ha pengar på kontoen, ta dei ut før dei forsvinn for å kjøpe smågodt og avocado. Verdas mest joviale Kiwi-gutt med tversoversløyfe og Duracell-batteri. Late night røykesamtale på kjøkkenet med Hanne. At augneloka vert tyngre og tyngre, men at det ikkje er så farleg ettersom eg verken skal på skule eller jobb i morgon.

Og best av alt: At det er meir. At lista over gode ting er så utruleg lang. Vissa om at det er for mange gode ting i livet mitt til at kjipe studierealiteter og arbeidstider kan fucke opp. Nerdehjarte til folket ! Sånn. <3

lørdag 13. oktober 2007

You get mistaken for strangers by your own friends

Det har hendt både små og store kvardagsmirakel sidan sist, og eg har sett med ned for å fortelje fleire gonger, men kvar gong har det stoppa opp. Orda har slutta å virke. Eg mistenkjer the National for å vere delvis skuldige. Eg har lese så mange av deira fantastiske tekstar i det siste at alt eg sjølv produserer verkar dumt og platt.

Men no gjer eg altså eit forsøk likevel. Det er jo søndag, stilt og folketomt i leiligheita og mørkt ute. Dei fine orda burde henge i lufta.


I går traska eg gatelangs med mamma. Ho er i Frankrike no, og har tenkt å vere der til ho blir ein betre fransklærar. Men i går hadde ho tid til meg, tid til å kjøpe den fyrste ordentlege middagen og kakedesserten på lenge og diskutere meg trygt gjennom alle studentlivskrisene mine. Mammablikket som sluker alt eg er redd for, dei korte, men enkle mammaråda som vanlegvis er dei mest effektive av alle. Indisk te med mjølkeskum og snarvegar kring somme samtaleemne fordi ho verken treng eller vil vite alt om agentverksemda eg driv her i Bergen by.
Det siste vi gjer før vi går kvar til vårt er å låse døra bak oss som dei to siste kundane i konfektbutikken på Galleriet den fredagen, og ha det veldig koseleg med sjokoladejenta medan vi vel ut ein, to, tre, fire dyre sjokoladebitar til kvar av oss.


Saknet kjem med ein gong eg snur ryggen til henne, men det har eg ikkje tid til å tenkje særleg på, for eg står plutseleg i baren på Hulen og tappar øl og fortel fulle-Anders at han ikkje kan kaste popcorn vilt ikring seg. Fulle-Anders kastar ein del popcorn ikring seg likevel, tømmer vatn på "Endelig ikke-Røyker"-boka mi og gjer meg litt flau inn i mellom latterkulene. Eg lærer bort hestedansen i ledige stunder, er stolt av hestedansen men lurer samtundes på kvifor eg ikkje kan velje meir normale samtaleemne når eg fyrst prøver å bli kjend med hyggelege Hulefolk. Mest av alt lurer eg på kvifor alle andre verkar for å ha så enkelt for å småprate og bli venner, elegant og aldeles uanstrengt. Samtaleemna gøymer seg i krinkelkrokar i hjernen min som slu røyskattar, og eg er for trøytt (og edru) til å orke å leite etter dei.


( Ada, don't talk about reasons why you don't wanna talk about reasons why you don't wanna talk )


Men eg smiler likevel med heile meg når dansegolvet byrjar å fyllest. Fine, fulle, fargerike Hulefolk dansar som om verda utanfor ikkje eksisterte, som om det ikkje fantest nokon morgondag, husleigedag eller eksamensdag. Dei er varme i kinna og eg vert varm om hjartet, så varm at eg hestedansar nokon rundar saman med Anna.


Fulle-Anders får stempel i panna og er bakgrunnsstøy medan vi vaskar golv og stablar glas på tampen av kvelden. På veg heim er eg slepphendt med paraplyen min, og han skrik opp i protest mot at eg slår han med refleksvesten. Han forstår heller ikkje kor alle fiskane i badebassenget har teke vegen. Fulle-Helga og fulle-Olav bidreg med eigne refleksjonar, og der vi står på fortauet ved glashuset klokka halv fem natt til søndag, innser eg plutseleg at eg har ein av mine raraste, finaste augneblinkar på lenge. Det til trass for at eg verken hadde sett Moneybrother eller drukke øl. Det er godt å få avkrefta eigne mistankar om alkoholisme.

torsdag 11. oktober 2007

Thirsty

As far as I can tell
I'm nothing like a princess
but today I find myself
curling up behind the house

There's nothing in the air today
now I know I'm not so important

Take these girly arms
and ever keep me
Take these girly arms
and ever keep me

I don't have a hawk in my heart
no dumbass dove in my brain
I don't have a hawk in my heart
no dumbass dove in my dumbass brain

Take these girly arms
and ever keep me
Take these girly arms
and ever keep me

I don't have a hawk in my heart
no I don't have a hawk in my heart
no I don't have a hawk in...

fredag 5. oktober 2007

Nytt liv

Dagane renn forbi med smak av rullings og kokt ris. Eg har sprengt grensa for kor mykje grammatikk ein kan lese før hjernen slår krøll på seg og sluttar å fungere. Studieveka er lite konstruktiv, og draumane mine bringer med seg meiningslaust flimmer.

Og så, midt i alt mitt rot, vert eit nytt, lite menneske fødd.

I går natt vart Anders onkel att. Ho heiter Marielle og er ei lita dokke med verdas allerminste fingerneglar. Eg er eigentleg redd for born, spesielt dei som er heilt nye, fjøyrlette og skjøre. Blanke menneskeark med lodne hovud som enno ikkje er fylte med surr. Augo mine var store og runde og hjartet slo dobbelt så fort då ho plutseleg låg i armane mine, men det gjekk bra. Ingenting knuste, og eg smilte utan å merke det sjølv. Ein million reglar for substantivfrasar rann ut or systemet mitt, og vart erstatta av babylydane hennar.

Seinare var det også plass til The National. "Boxer" er fantastisk. Daude deler av meg vaknar til live når eg høyrer det albumet. Så eg høyrer det om att og om att, i håp om at eg snart vil kunne fly.


Out of my league, I have birds in my sleeves and I wanna rush in with the fools


(Eg skulle ynskje eg ikkje var så s j e n e r t )

onsdag 3. oktober 2007

Gullkanta planer og tull

Eg har studieveke. På mange måtar er det nesten som haustferie; eg har ingen forelesningar, kan sove lengre enn vanleg og har tid til faktisk å sjå på og bli i godt humør av haustfargane i Bergen.

Men så er det jo alle dei lange, stygge listene over ting eg burde ha gjort. Sider eg burde ha lese, notatar eg burde ha teke, hybelkaninar eg burde ha utrydda og oppgåver eg burde ha pløya gjennom. Hutr.

I går kom eg og Helga ca altfor seint i gong med dagen, og planene våre kokte ned til berre tull. Difor bestemte vi oss for å rekkje finger til tullet ved å tulle sjølv. Tullesminke med masse glitter og augneskugge, stort tullehår og fargepaljettar av tulleklede (eg hadde hatt også). Så tulla vi oss gjennom byen, heilt opp i Øvregaten der Helga bur no. Det lukta fiskebollar og frå badet kunne vi sjå alle dei rosa dildoane til nabodama.

Den kvelden var eg åleine heime for fyrste gong sidan eg flytta inn i Magnus Barfotsgate 31. Stilla var tung som eit teppe; kanskje ekstra tung fordi det var nettopp Helga som flytta ut. Etter to månader med utvekslingar av nøklar, deling av plass framfor spegelen, festligheter, soving i same seng, dagen derpå-humor med hysterisk latter, felles studiefrustrasjon og generelt kvardagsliv med dette mest fantastiske av alle raudsprakande lyspunkt i mitt liv, er det slutt. Ingen Helga heime hos meg. Ingen Helga si snorking ved sida av meg om natta, ingen Helga sin koffert under bordet på stova, ingen Helga sine klede på tørkesnora, ingen Helga si ekle torskerogn i kjøleskapshylla mi.

Eg saknar henne, eg. Sjølv om eg sannsynlegvis kjem til å sjå henne stort sett kvar dag likevel. Det vart så tomt her.


I dag var vi på Karrieredag i Grieghallen, tok med oss gratis pennar og sjokolade og prøvde å orientere oss i eit hav av stands som reklamerte med fantastiske framtidsvegar i alle retningar. Hjelp. Sjølv snakka eg berre med ei søt dame frå Havforskningsinstituttet, vart litegrann klokare og ein fin plakat rikare. Men tanken på at eg ein gong (kanskje) skal skrive doktorgradsavhandling får meg til å sjå prikkar framfor augo. Eg ser på meg sjølv i spegelen og prøver å matche det forvirra vesenet der inne med ein strukturert, doktorgradsavhandlingsskrivande forskar in the making. Det klaffar ikkje. Eg må berre le.


Resten av dagen har eg stort sett lukkast i å fylgje Planen, ei stygt lang liste over ting eg må gjere for å kunne nå punkt ni: "Rope HURRA! dersom eg får gjort alle (eller nesten alle) av desse tinga". Eg har grammatikkgnagsår på hjernen, men er framleis ikkje i mål. Det er litt av ein heiltidsjobb å vere student.

(Tull)


For augneblinken har eg nerdepause med den haltande PC-en min. Eg matar min nye iPod Nano med fine tonar frå CD-samlinga. For ja, Anders har kjøpt iPod Nano til meg. Det er ein pitteliten sak, men likevel veldig stor. Musikkmaskina bind meg nemlig fast i Anders. Med presangar fylgjer forpliktingar. Ein går jo ikkje rundt og deler ut iPodar til folk heilt utan vidare. Eg føler presset om å vere bra nok til å fortene den nye babyen min. Det er vanskeleg å vere like flott som ein sånn teknisk sak, men eg kan jo ikkje gje han tilbake heller. Han er jo så fin, og snart stappmett av Leonard Cohen som eg kan ta med meg kor som helst, og slikleis overleve kva som helst.

Så tusen takk, Anders. Og Hallelujah.