søndag 2. august 2009

Breakthru

Dei mest verdifulle aktivitetene eg kan tenkje meg etter denne helga, er

å drikke øl og høyre på Queen (spesielt "Breakthru") - begge deler i uforsvarleg store mengder
å føre lange, usjenerte samtaler om livets og kjærleikens gang med menneske ein ikkje har snakka med på årevis
å gjenoppdage sine fylgjesvenner frå den aller villaste ungdomstida, og hugse med full styrke kor fantastiske dei var og er
trillebårløp med hjelm og stjerneskott
å stå ravande full på eit jorde på Rygg i Gloppen, midt på natta, relativt våt etter å ha sprunge gjennom høgt gras, og mate hestar på beite medan ein ventar på at nachspielverten skal kome til syne over bakketoppen
å gøyme seg bak buskar i framande folk sine hagar for å skremme forbipasserande
å ete heimelaga bollar på nachspiel medan ein høyrer på den ivrige kaklinga til ein fin gutegjeng ein kanskje ikkje kjenner så veldig godt, eigentleg, men likar veldig godt likevel
å sovne i eit hus der ein aldri har vore før utan å eigentleg vite korleis ein skal kome seg heim
samt
dagen derpå på sjukeheimen.

Sommarfesten på Rygg var ein av årets absolutt finaste!