fredag 28. desember 2007

Uppsnärjd i det blå

Location: Magnus Barfotsgate 31, Bergen City. Einsam majestet i ei iskald leilighet, tom for alle Hanne sine ting. Band of Horses, røyk og mandariner i senga. Eg håpar at minutta vil snigle seg langsamt fram til klokka tre, då eg skal på jobb på Esso. I dag skal eg stenge heile den store bensinstasjonen med alle sine brytarar og knappar heilt åleine. Eg gler meg minimalt, særleg ettersom det ikkje kjem til å vere nokon heime for å skryte av og kose med meg når eg kjem tilbake i tolvtida.

Men eg har ingen grunn til å klage.
Eg har bagasjen full av nydelege julegåver frå nydelege venner og familie (eg har fått kreppetang og nye briller, og satsar ergo på ein 80-talsintelligent stil i 2008), er varm på føttene, har heile mamma si Fantomet-samling liggjande i bokhylla, pappa sine Frank Zappa-plater er klare for kjærleik og sjølv står eg på trappene til eit nytt år med shabby studentliv, Huleaktiviteter og festligheter.

For å ikkje gløyme at Tone Constanze bestilte Band of Horses-billett til meg i dag, heilt utan vidare, fordi det var så få billettar att. Tone er årets kvinne, og 7. mars står eg saman med henne og syng "If ever beat down, we know who we are / They know we all want more".


...


Til sist vil eg skrive eit par ord til ein ung mann frå Jølster som heldigvis ikkje undertrykkjer verken håret eller sjela si lenger. Sidan ungdomsskulen har vi ikkje snakka skikkeleg saman meir enn kanskje ein gong i året, gjerne 1. juledag. Men du skal vite at desse årlege samtalane betyr meir for meg enn tusenvis av samtalar som eg har med enkelte personar i løpet av eit år. Du er my crowd.


En dag kommer jag och du verkligen bli gamla /Men jag älskar dig nu.


Du hadde heilt rett: Tekstlinja er frå Uppsnärjd i det blå. Eg har herved endå eit nyttårsforsett, nemlig å aldri meir rote med mine Håkan-fakta.

:)

onsdag 12. desember 2007

Dismantle me

Eg søv lenge,
Eg tenkjer OK.

Vaskar badet med stort hår
og feil farge på augo.
Brettar saman klede, vaskar opp og ryddar på plass kjøkkenting.

Gjev opp, høyrer på Distillers i tusen timar
og ynskjer meir enn noko anna i heile verda at eg var Brody Dalle, sånn på ekte.

Samt at eg var heilt åleine heime,
for då skulle eg ha skrike så høgt som eg berre kunne.

Eg tenkjer OK.

tirsdag 11. desember 2007

Uglybugly

Eg skulle ynskje du kunne bestemme deg for
det eg trudde du allereie hadde bestemt deg for
då du fekk denne snøballen til å rulle
slik at eg slapp å liggje her i dette
meiningslause vakuumet
og tenkje på lite anna
enn alt som er feil
med andletet mitt i spegelen
kor lyst eg har på røyk
og kor fin du er langs
saumane

torsdag 6. desember 2007

Precious

Det vert plutseleg dobbel vinter
når du ikkje er her
med sko som skriv nattord
i asfalten