torsdag 18. oktober 2007

Sjonglering

Eg har :


Ein frivilleg jobb (Hulen)
Ein lønna jobb (Esso på Danmarksplass)
Eit forsømt årsstudium i engelsk
To eksamenar om kort tid
Ein kjærast (og fleire venner) som treng omsorg
Ein kropp som treng trening og søvn
Eit sinn som treng føde/festligheter av ymse slag


Det viser seg at ein skal vere litt av ei superheltinne for å klare å sjonglere alle desse pliktene/lystene, og at eg likevel aldri er nøgd med meg sjølv dersom eg ikkje klarer det.


... Men kven bryr seg eigentleg, når sola plutseleg skjer augeepla opne og eg vert nøydd til å setje meg ned ved Lille Lungårsvann av berre sjokk og glede ? Architetcture in Helsinki i øyra, glitrande vassoverflate framfor augo, rosakledde smågrisar som matar duene til stor glede for sine stolte foreldre, ferdings og fred.

Ingenting er så koseleg som duer når dei blæs seg opp til lodne ballar og gøymer hovudet i si eiga fjøyrprakt. Kvardagsbekymringane mine er store og stygge, men let seg likevel lette av noko så lite og komisk som ei vaggande Bergensdue. Det er godt å oppleve.


Andre ting som er gode å oppleve er å bli påspandert Chai-te på Kafé Spesial av finaste Helga. Å le så koppane klirrar saman med henne og Nora. Å lage sjokoladekake saman med Inger, for så å ete heile med mjølk til. Å plutseleg ha pengar på kontoen, ta dei ut før dei forsvinn for å kjøpe smågodt og avocado. Verdas mest joviale Kiwi-gutt med tversoversløyfe og Duracell-batteri. Late night røykesamtale på kjøkkenet med Hanne. At augneloka vert tyngre og tyngre, men at det ikkje er så farleg ettersom eg verken skal på skule eller jobb i morgon.

Og best av alt: At det er meir. At lista over gode ting er så utruleg lang. Vissa om at det er for mange gode ting i livet mitt til at kjipe studierealiteter og arbeidstider kan fucke opp. Nerdehjarte til folket ! Sånn. <3

1 kommentar:

Anonym sa...

veldig interessant, takk