onsdag 3. oktober 2007

Gullkanta planer og tull

Eg har studieveke. På mange måtar er det nesten som haustferie; eg har ingen forelesningar, kan sove lengre enn vanleg og har tid til faktisk å sjå på og bli i godt humør av haustfargane i Bergen.

Men så er det jo alle dei lange, stygge listene over ting eg burde ha gjort. Sider eg burde ha lese, notatar eg burde ha teke, hybelkaninar eg burde ha utrydda og oppgåver eg burde ha pløya gjennom. Hutr.

I går kom eg og Helga ca altfor seint i gong med dagen, og planene våre kokte ned til berre tull. Difor bestemte vi oss for å rekkje finger til tullet ved å tulle sjølv. Tullesminke med masse glitter og augneskugge, stort tullehår og fargepaljettar av tulleklede (eg hadde hatt også). Så tulla vi oss gjennom byen, heilt opp i Øvregaten der Helga bur no. Det lukta fiskebollar og frå badet kunne vi sjå alle dei rosa dildoane til nabodama.

Den kvelden var eg åleine heime for fyrste gong sidan eg flytta inn i Magnus Barfotsgate 31. Stilla var tung som eit teppe; kanskje ekstra tung fordi det var nettopp Helga som flytta ut. Etter to månader med utvekslingar av nøklar, deling av plass framfor spegelen, festligheter, soving i same seng, dagen derpå-humor med hysterisk latter, felles studiefrustrasjon og generelt kvardagsliv med dette mest fantastiske av alle raudsprakande lyspunkt i mitt liv, er det slutt. Ingen Helga heime hos meg. Ingen Helga si snorking ved sida av meg om natta, ingen Helga sin koffert under bordet på stova, ingen Helga sine klede på tørkesnora, ingen Helga si ekle torskerogn i kjøleskapshylla mi.

Eg saknar henne, eg. Sjølv om eg sannsynlegvis kjem til å sjå henne stort sett kvar dag likevel. Det vart så tomt her.


I dag var vi på Karrieredag i Grieghallen, tok med oss gratis pennar og sjokolade og prøvde å orientere oss i eit hav av stands som reklamerte med fantastiske framtidsvegar i alle retningar. Hjelp. Sjølv snakka eg berre med ei søt dame frå Havforskningsinstituttet, vart litegrann klokare og ein fin plakat rikare. Men tanken på at eg ein gong (kanskje) skal skrive doktorgradsavhandling får meg til å sjå prikkar framfor augo. Eg ser på meg sjølv i spegelen og prøver å matche det forvirra vesenet der inne med ein strukturert, doktorgradsavhandlingsskrivande forskar in the making. Det klaffar ikkje. Eg må berre le.


Resten av dagen har eg stort sett lukkast i å fylgje Planen, ei stygt lang liste over ting eg må gjere for å kunne nå punkt ni: "Rope HURRA! dersom eg får gjort alle (eller nesten alle) av desse tinga". Eg har grammatikkgnagsår på hjernen, men er framleis ikkje i mål. Det er litt av ein heiltidsjobb å vere student.

(Tull)


For augneblinken har eg nerdepause med den haltande PC-en min. Eg matar min nye iPod Nano med fine tonar frå CD-samlinga. For ja, Anders har kjøpt iPod Nano til meg. Det er ein pitteliten sak, men likevel veldig stor. Musikkmaskina bind meg nemlig fast i Anders. Med presangar fylgjer forpliktingar. Ein går jo ikkje rundt og deler ut iPodar til folk heilt utan vidare. Eg føler presset om å vere bra nok til å fortene den nye babyen min. Det er vanskeleg å vere like flott som ein sånn teknisk sak, men eg kan jo ikkje gje han tilbake heller. Han er jo så fin, og snart stappmett av Leonard Cohen som eg kan ta med meg kor som helst, og slikleis overleve kva som helst.

Så tusen takk, Anders. Og Hallelujah.

Ingen kommentarer: