fredag 5. oktober 2007

Nytt liv

Dagane renn forbi med smak av rullings og kokt ris. Eg har sprengt grensa for kor mykje grammatikk ein kan lese før hjernen slår krøll på seg og sluttar å fungere. Studieveka er lite konstruktiv, og draumane mine bringer med seg meiningslaust flimmer.

Og så, midt i alt mitt rot, vert eit nytt, lite menneske fødd.

I går natt vart Anders onkel att. Ho heiter Marielle og er ei lita dokke med verdas allerminste fingerneglar. Eg er eigentleg redd for born, spesielt dei som er heilt nye, fjøyrlette og skjøre. Blanke menneskeark med lodne hovud som enno ikkje er fylte med surr. Augo mine var store og runde og hjartet slo dobbelt så fort då ho plutseleg låg i armane mine, men det gjekk bra. Ingenting knuste, og eg smilte utan å merke det sjølv. Ein million reglar for substantivfrasar rann ut or systemet mitt, og vart erstatta av babylydane hennar.

Seinare var det også plass til The National. "Boxer" er fantastisk. Daude deler av meg vaknar til live når eg høyrer det albumet. Så eg høyrer det om att og om att, i håp om at eg snart vil kunne fly.


Out of my league, I have birds in my sleeves and I wanna rush in with the fools


(Eg skulle ynskje eg ikkje var så s j e n e r t )

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du skriver utrolig bra.

Marianne sa...

Tusen takk ! :)