mandag 26. november 2007

One down

Eg er ferdig med eksamen i Eng101. Vekesvis med murstein i magen løyser seg opp i vinterkald Bergensluft, eg tenner den einaste røyken eg har, tek større skritt enn vanleg.

Og så går eg plutseleg rett inn i fortida mi.

Den store, grøne kroppen eg budde inni i fire lange månader. Usamanhengande scener renn forbi i hukommelsen, smakar tvang og fridom.
Hakekorsa i telefonboda og Jelena som skrik om natta, blanda med leireleik på eit slitt hobbyrom og Raymond som speler "In My Place" med Coldplay så eg gløymer kor redd eg er. Eit kvitt andlet i spegelen som ikkje lignar på nokon eg kjenner. Eg held meg fast i knoklane mine for å ikkje flyte av stad med saltvatnet. På tysdag held ei stor gruppe vaksne menneske møte og diskuterer meg. Dei har ei mappe. Dei har rapportar. Dei diskuterer. Meg.

Eg ser utsikta frå Haukelandstoppen med femten år gamle auge og er både glad og trist ved tanken på at eg hadde hata meg sjølv anno 2007 den gong då.

Så går eg ut att. Ut av den fjerne fortida, den det kjennest som om eg har lese om i ei bok, og inn att i meg sjølv, inn att i ein røykfull, øltung kropp som kan gå på eiga hand.

Eg går frå Landås og heim att, lukkeleg fordi grammatikk- og fonetikkreglar renn ut av hovudet mitt og vert erstatta av blodsmak i Okkervil River sin "For Real", lukkeleg fordi frosten knasar under føtene mine og ingen veit kvar eg er, utanom asfalten som eg tygg unna i roleg tempo. Endene sym på gull i Store Lungårdsvann, og eg føler at eg burde setje meg ned på ein benk og berre ta det inn, men eg har ikkje tid, for eg må heim og ete havregryn.


And if you want it to be real, come over for a night, we can really, really climb, and those blue bridge lights might really burn most bright while we watch that dark lake rise.


(Sist eg gjekk langs dette vatnet, gjekk nokon ved sidan av meg og heldt meg i handa
Denne gongen er hendene mine frosne og stripete
Men eg klarar meg
Eg klarar meg heilt, heilt fint)

1 kommentar:

Anonym sa...

fint.

signalersilje