torsdag 30. juli 2009

History

Stader, minne og personar overlappar kvarandre. Fortid, notid og framtid kolliderer så det sprutar stjerner.

Eg går forbi eit gult byggjefelthus på veg heim frå jobb, og ser meg sjølv, 16 år gamal, leike doktor i kjellaren med ein mann eg på mange måtar skulle ynskje eg aldri hadde møtt.
Kor hadde eg vore i dag dersom eg aldri møtte han?
Eg syklar den velkjende ruta heim til Håheim, og ser meg sjølv, 18 år gamal, smugrøykje på busshaldeplassen medan eg ventar på skulebussen til Firda.
Kor hadde eg vore i dag dersom eg aldri hadde begynt å gjere ting i smug?
Eg gjenoppdagar den hemmelege staden i skogen der eg i årevis pla gøyme meg når livet vart for vanskeleg å vere til stades i.
Kor hadde eg vore i dag dersom eg hadde vore redd den skogen?

Eg har tusen millionar liknande bilete og spørsmål utan svar, så mange at nattemørkret slukar meg og heile det gule huset mitt og eg ynskjer meg mange år attende i tid, slik at eg kunne gjort alt om att.

...I don't care for your sweet scent
or the way you want me more than I want you
Archers in your arches
raise your fingers for one last salute
And bleed this skyline dry
Your history is mine

Ingen kommentarer: