tirsdag 22. juli 2008

Tilbake

... og ei ny stemning er på moten . Denne sumaren er dominert av glitter, varme tonar og mykje raudt . Det beste tilbehøret er gjørmete gummistøvlar, ei kald øl og Yeasayer på øyret .

Vinteren som gjekk har flytt ut i systemet, og eg kjenner han berre av og til som ei prikking i fingrane . Det er så mykje nytt og uvant, somme morgonar vaknar eg og kan ikkje hugse kvar eller kven eg er . Men med ein gong det kjem attende til meg, rykkjer det i munnvikane og lisjetærne . Eg er 20 år gamal, komande litteraturstudent, saman med den vakraste gutten på denne sida av atmosfæren og har augo fulle av naiv forventning .

Hurra ! Hurra så lungene nesten sprekk, hurra så danseskorne rivnar i saumane, hurra så soloppgangen renn ut i nervebanene og eg eksploderer ! Eg ynskjer livet, både her og no og i tida framover, velkomen med nye dinosaurfigurar på hylla og flagrekjolar i skåpet .

Etter Øyafestivalen vender eg tilbake til Bergen for å finne meg ein stad å bu med plass til både meg, Helga og vår berømte grouse . Tilbake til Hulen, mongodans, kjærleik, måkeskrik, brustein, Universitetet, kaffipausar, Batmansengetøy og leik . Inntil den tid er eg passeleg nøgd med å vere heime i Jølster . Full rulle i turistnæringa på Audhild Vikens, ingen ende på verken Animal Planet sine fantastiske program eller pappvinen i bokhylla, gras mellom tærne, fjelltoppar som klemmer trygt kring hjartet når eg dinglar frå taket, et eple og tenkjer på alt og alle eg saknar og kor fint og vondt det er på same tid .

I wanna get in the sunrise

Nerdehjarte for dét ! <3

Ingen kommentarer: